Aamodt ga alt på Sprekleiken

Skrevet av: Marit J Brokke, publisert 07.11.2015

Over 250 store og små så Kjetil Andre Aamodt kjempe seg over målstreken på årest Sprekleik.

 

 

 

 

 

 

Kjetil Andre utslitt over målstreken.

 

Klokka 12 stod over 60 deltakere klare til start og årets tevling synte seg å vere av krevjande karakter, både fysisk og psykisk. Å sikte inn erteposar mot eit mål så ut til å vere den stasjonen som kravde mest av deltakarane. Det ser så lett ut, men etter å trille ein stor rundball over golvet i Vallehalli er både psyke, armar og bein litt skjelvande.

Dei allar yngste gjennomførte med glans og iveren var stor då dei måtte bere tunge "medisinballar" opp tribunen og avslutte med å kryve gjennom eit langt "stikkrennerøyr"

11 lag frå 1 tom 7 klasse, 2 lag frå ungdomstrinnet og heile 8 vaksenlag gjennomførte løypa med glans.

Kjetil Andre Aamodt kjempa i første runde med Øyvind Uppstad og sannleg er det ikkje "dei gamle som er eldst". Finaleheatet bestod til slutt av dei same to utøvarane og Kjetil Andre Aamodt kjempa seg først over målstreken, tett fulgt av ein sliten Øyvind.

Vinnaren av dameklassen Erika Melchior frå Setesdal Folkehøgskule gjorde ein imponerande innsats og var gjennom løypa totalt 4 gonger, først som lagdeltakar og så i individuell øving. Ho kom til finalen i begge klassane og då var det berre å stille på startstreken igjen.

Samtidig som Sprekleiken, arrangerte Valle IL den årlege basaren og tradisjonen tro stod setesdalsuppe på menyen.

Alt i alt: dagen idag var strålande og med så mange mennesker i hallen syner Valle IL at det er ein enorm dugnadsglede og eit godt samhald kring idretten.

Resultatliste kommer.

Lukk bildekarusellen
OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer