Bispevegmarsjen 2016

Skrevet av: ALL, publisert 20.06.2016

Bispevegmarsjen er 13. august 2016.

 
Laurdag 13. august 2016 er det klart for årets finaste tur over heia frå Fyresdal til Valle. Turen er ca 30 km, og går i høgfjellsterreng, over vidstrakte heiar i 1100-meters høgde.

Turen er fin for både barn og vaksne, men yngste anbefalte alder er 10 år.

Det er ikkje matstasjonar undervegs. Enkelt matsal i mål.

Start på Øysen i Fyresdal og innkomst ved Valle kultursenter.

Buss frå Valle kl 06:30. Oppmøte i Fyresdal ved Øysen kl 08:30.
Buss tilbake til Fyresdal (når alle er i mål).

Startkontingent:
Vaksne: 150,-
Barn t.o.m. 16 år: 100,-

Buss (uavhengig av veg):
Vaksne: 250,-
Barn t.o.m. 16 år: 200,-

Viktig at du melder deg på slik at vi får bestilt buss!

Påmelding til Valle turistkontor, innan laurdag 6. august:
E-post: ingeraamli@yahoo.no
Tlf: 379 37 529 

VELKOMEN TIL EIN VAKKER OG FLOTT TUR I GODT LAG!

Arrangørar: Fyresdal IL og Valle IL

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer