Bispevegmarsjen 8.8-2020

Skrevet av: Ola, publisert 25.06.2020

Bispevegmarsjen står for tur laurdag 8 august

Laurdag 8. august 2020 er det klart for årets finaste tur over heia frå Fyresdal til Valle. Turen er i underkant av 30 km og går i høgfjellsterreng over vidstrakte heiar i 1100-meters høgde. Ha med niste og drikke då det ikkje er matstasjon undervegs.

Turen er fin for både barn og voksne, men yngste anbefalte alder er 10 år. Ein må vere i såpass fysisk form at ein klarar å gjennomføre turen innan kl 18.00.

Enkelt matsal i mål.

Start ved Nøs før Øysæ i Kleivgrend i Fyresdal og innkomst ved Valle kultursenter.

Buss frå Valle skule kl 06:30. Du betalar for marsjen før du går på bussen, anten kontant, med kort eller via Vipps.

Start ved Nøs, Øysæ kl 08:30.

Buss tilbake til Fyresdal (når alle er i mål).

Startkontingent:
Vaksne: 150,-
Barn t.o.m. 16 år: 100,-

Buss Valle-Øyse/Fyresdal (ein veg)
Vaksne: 250,-
Barn t.o.m. 16 år: 200,-

Viktig at du melder deg på slik at vi får bestilt buss!

Påmelding til Valle turistkontor innan laurdag 3. august:
E-post: sentralbord@valle.kommune.no
Tlf: 379 37 500

Viktig at du oppgjev namn og telefonnummer på alle som skal gå.

VELKOMEN TIL EIN VAKKER OG FLOTT TUR I GODT LAG.

Arrangør: Fyresdal IL og Valle IL

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer