Brokke Mini Tour, dag 2.

Skrevet av: Marit J Brokke, publisert 07.02.2016

Søndag morgon og regn i lufta. Det ser ut til å bli eit tungt føre for dagens renn- skibakken opp!

Det så imidlertid ikkje ut til å skremme deltakarar frå å stille til start og rundt 100 stk kjempa seg opp skibakken ved Brokke Alpinsenter idag.

Dei aller yngste hadde målgang i vestbakken, medan dei litt eldre måtte forsere heile det nedste henget heilt opp til "busskuret".

Fellestarten gjekk ca kl 12.30 og desse deltakarane måtte gjennom ei "oppvarmingsrunde" i lysløypa før dei måtte til pers mot nokre høgdemeter før målgong ved "parktrekket"

Idag er vel alle som kjempa mot regn, sludd og eit sugande føre vinnarar, men av dei løparane som kjempa seg mot toppen var det:

Elin Uppstad - Valle IL/ Hovden Skigymnas som vant i dameklassen på tida 16:50 og i herreklassen var det Åsmund Wiberg med tida 15:17. 

Vi gratulerar vinnarane og er mektig imponert!

 

Det har nok ei gong vore ei flottt skihelg i Brokke og Valle IL takkar for samarbeidet med Oddersjå SSK og Brokke Alpinsenter.

Vi vil takke alle våre sponsorar, løypemannskap, tidtakarar og alle dugnadsarbeidarane som har bidratt med hjelp til alle gjeremål denne helga!

Vi er fram til neste års Brokke Mini Tour!


Resultatliste Brokke Minitour søndag.PDF

 

 

 

 

 

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer