Kvite draumar.....

 

 Valle IL

Brokke Mini Tour 2016

Skrevet av: Marit J Brokke, publisert 06.02.2016

 

Ein fantastisk helg i Brokke!

Brokke Mini Tour kunne for fyrste gong arrangerast med værgudane på vår side. Lite vind og ikkje nedbør laurdag gav deltakarar og arrangørar eit godt utgangspunkt.

Litt tidlegare enn annonsert gjekk dei aller yngste ut frå startstreken og kjempa seg gjennom løypa i målområdet. Over 20 born under 8 år deltok i Brokke Mini Tour sitt barneskirenn.

Kl 12 gjekk den offisielle starten for touren og 120 gjennomførte sine distansar i Brokke denne dagen. 

Valle Sparebank delte ut skistipend pålydande 5000 kr, 3000 kr og 2000 kr til dei 3 beste U/23 år i dame og herre klassen og dei heldige vinnarane var:

Dame:

1: Elin Uppstad 17 år- 16:18- 

2:Margit Wiberg 20 år- 16:51

3: Sandra Vestly Sirevåg 18 år- 17:14

Herre:

1: Sivert Wiig 19/20 år- 26:28

2: Sondre Ramse 18 år- 26:53

3: Vebjørn Nerheim-26:54

Vi gratulerar alle saman med siger og super innsats!


Resultatliste BMT 2016.PDF-.pdf

 

 

 

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer