Fellestrening i gymsalen
Skrevet av: , publisert 10.09.2019
Kvar veke er det uformelle og sosiale aktivitetar for ungdom og vaksne i gymsalen ved Setesdal FHS.
Vi kan mellom anna tilby innebandy, damefotball, volleyball og "Bøy og tøy". Her er det låg terskel for å vere med, alle er velkomne!
Mange av aktivitetane har eigne Facebook-grupper, så send gjerne ein førespurnad til dei for å halde deg oppdatert.
Alle som er med på aktivitetar her må vere medlem i Valle IL.