Ny leiar i Valle IL

Skrevet av: Marit J Brokke, publisert 25.03.2015

Årsmøte i Valle IL 2015.

Onsdag 25 mars avholdt Valle IL sitt årsmøte på Sølvgarden Hotell på Rysstad. Idrettslagets leiar gjennom dei siste 4 åra takka for seg og overlot vervet til Anne Liv Litveit.

 

Årsmøtet samla omlag 20 medlemmar til gjennomgang av vanlege årsmøtesaker, regnskap og budsjett for 2015. Valnemnda har arbeidd hardt for å finne ein ny leiar, etter at Sigbjørg som siste års leiar hadde bestemt seg for å takke av og overlate vervet til andre. 

Valle IL retter ein stor takk til Sigbjørg(og Tor) for ein formidabel jobb gjennom desse åra, og ein stor takk også til dei andre styremedlemmane som ikveld hadde sitt siste styremøte for denne gang.

Nytt styre i Valle IL:

Leiar: Anne Liv Litveit- 1år.

Nestleiar: Cecilie Haugen- 2 år.

Kasserar: Petra Marie Birkeland- ikkje på val.

Sekretær: Lars Tarald Myrum- ikkje på val.

Styremedlem: Torleif Harstad- 2 år.

Styremedlem: Marit J Brokke- ikkje på val.

Styremedlem: Bjørgulv Sverdrup Lund- 2 år.

Ungdomsrepresentant: Nora Brokke- 1 år.

Vara: Magnhild Tveit

Vara: Ingunn Uppstad

 

Valnemnd: Tor Viki, Knut H. Rysstad. Margit Dale

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer