Kvite draumar.....

 

 Valle IL

Resultater Brokke Mini Tour 2015

Skrevet av: Marit J Brokke, publisert 07.02.2015

Det ser ikkje ut til at Valle IL har veret på si side ved arrangement, men trass vind og litt rufsete føre var det mange som deltok på årets Brokke Mini Tour2015. 

 

Dag 1 var klassisk renn med start og mål ved Brokke Alpinsenter. I morgontimane laurdag var juryen noko urolege pga av sterk vind, men ein beslutsam løypesjef la om på retninga for alle løypene og då var det berre å sette igong.

Over 140 deltakarar på startstreken frå 4 år og oppover, synar at det er mange tøffe skliløparar i området.

Søndag var det skibakken opp og det er imponerande at 117 stk stilte på startstreken i denne vinden. Dei alle yngste klarta seg sikkert til målområdet som var midtvegs i bakken og mange var slitne når dei kom over mål ,men det var ikkje værre enn at dei fleste heiv seg på skia nedover bakken igjen.

Fellesstarten gjekk kl 12.45 og etter ei runde i klassiskløypene, kom bakken og då var det berre ein veg og det var oppover.

Valle  Sparebank delte ut idrettstipend til 1,2 og 3 plass i jente og guteklasen u/23 år

Valle IL vil takke Valle Sparebank for idrettstipend/premiar, sponsorane Coop, NOV, Nomeland Anlegg AS og samarbeidaprtnarane Bergsam AS, Hylestad Auto, Motorsenteret Rysstad, Brokke.com og Brokke Alpinesenter.

Ein stor takk til Uppstad Anleggservice for flotte langrennsløyper under touren!

 


resultater Brokke MiniTour 2015 dag 2 (2).PDF

Resultatliste Brokke MiniTour 2015 Dag 1.pdf

 

 

 

Lukk bildekarusellen
OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer