Valle IL

 

Søknad om stønad til idrettssatsing 2018

Skrevet av: , publisert 27.09.2018

Utøvarar frå Valle IL kan no søke om stønad til si idrettssatsing.

Vilkår:

- Utøvarar kan søkje frå året dei fyller 13 år, til og med året dei fyller 23 år.

- Det er utøvaren sjølv som må søkje om stønaden. Søknadar på andre sine vegne vert ikkje behandla.

- Stønaden gjeld utøvarar som er medlem i Valle IL, og representerer Valle IL på region/kretsnivå.

- Søknaden må innehalde: kostnadsoverslag/utgiftsdokumentasjon for sesongen ein søkjer stønad til, plan for kortsiktig og langsiktig satsing, tidlegare oppnådde resultat, framtidige målsetjingar og treningsplan for sesongen. 

Søknaden sendast per e-post til post@valle-il.no innan 26. oktober 2018.