Sprekleiken 2014

Skrevet av: Marit J Brokke, publisert 15.11.2014

Sprekleiken er ein uformell kamp om kven som er sterkast, mann mot mann eller lag mot lag.

Laurdag 15 november kl 14.00  gjekk starten og denne gong var det Øystein Sylta som var gjesteutøvar. Øystein er friidrettsutøver og terrengløper, og har utmerket seg som millitær femkjempar med noregesmestertittel i 2001, 2002 samt europamester i 2003.

Som ein av Noregs beste langdistanseløparar, med bestetid på maraton på 2t 17 min har han og delt sine gode treningstips, men kampen i Vallehalli var tøff og seieren var seig å dra i land. Særlig tungt var det for Sylta å trille rundballen tvers over gulvet i hallen. Øystein fekk hard konkurranse av Aron Rysstad som nærast på målstreken måtte gi tapt for Sylta.

Det var mangelag og indivuelle startande og på tribuna var det mange heiarop frå store og små. Jentelaget "Råten tomatar" ; Selma, Pauline, Signe Margethe og Tone Marie imponerte stort med runballetrillinga. Det så ikkje ut til at desse sterke jentene hadde store problem med dette store og tunge "traktoregget", men strevde litt meir på ballkast.

Elin Uppstad og Gry Hege Støle var dei to beste i individuell start dameklassen, men grunna andre avtaler var det berre Elin att. Då tok far Øyvind ansvar og møtte dottera si i finaleheatet. Elin er ei sprek og allsidig dame og med litt taktikk, var ho fyst over målstreken.

Sprekleiken blei avslutta i Storstoga men foredrag og treningstips av Øystein Sylta.

Ein flott dag i hallen.

Valle IL og Valle jakt og fiskelag takkar alle som deltok, alle dugnadsarbeidarane, publikum og 10 klasse som stod for matsalet. 

 

 

 

Lukk bildekarusellen
OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer