Valle IL

 

Sprekleiken 2017

Skrevet av: , publisert 29.09.2017

Vi har vore så heldige å få tidlegare fotballspelar på bla. Rosenborg, Fredrikstad og Moss, Dafinn Enerly, og kona hans Mona til årets Sprekleik. Dei skal halde eit flott foredrag, som vi håper vil inspirere og berøre både barn og vaksne.


  • Mona og Dagfinn Enerly


Det blir ein litt ny vri på Sprekleien i år. Vi har lagt inn nokre endringar i løypa, som vil innehalde hjernetrim, styrke og godt humør! Meir inforomasjon om øvelsane kjem.
 
Vi ønskjer at flest muleg skal delta, og oppmodar særleg sponsorane våre til å stille med lag. Vi håper også andre verksemder i bygda vil delta.
 
I år har vi ikkje individuell tevling.
Klassar: 3 stk. per lag. Barn/ungdom 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse. Dame og herre over 16 år (miks).
 
Påmelding til post@valle-il.no. Skriv namn og klasse/lagnamn.
 
Det vert sal av mat og drikke, og utdeling av premie for Postkassetrim og Øvre Setesdal Cup.
 
Foredraget er etter Sprekleiken, om lag kl. 15.00
Inngong: kr. 100,-. Barn/skuleungdom/studentar kjem gratis inn.
 
 
Velkomne til eit arrangement for heile familien!