Fotball er kult!

Tine fotballskule 21.-22. mai 2016

Skrevet av: Anne Liv Lidtveit, publisert 27.04.2016

Valle IL arrangerer Tine fotballskule på Valle stadion 21. og 22. mai 2016. Påmeldingsfrist 13. mai!

 


2016_Program TINE fotballskule.pdf

Valle IL arrangerer Fotballskule for jenter og gutar i alderen førskulen til 14 år. Oppmøte laurdag 21. mai kl 09.00 i Vallehalli.

Fotballskulen er ein del av NFF og TINE si satsing ”TINE Fotballskole,” og er godkjent av Agder Fotballkrets. Fotballskulen inneheld både øving, leik og kampar, og vi garanterer to flotte fotballdagar i hjarta av Setesdal.

Deltakaravgift: kr 500,- (Syskenmoderasjon: kr 450,-). Inkluderer drikkeflaske, t-skjorte og sekk med innhald frå TINE. Betaling skjer kontant ved frammøte fyrste dagen.

 

Nytt i år: Keepertrening! Laurdag blir det 2-3 timar keepertrening for alle som vil - hugs å melde deg på dette ved påmelding.

 

Påmeldingsfrist: Fredag 13. mai 2016.

 

Påmeldingsopplysningar:

Namn på deltakar, fødselsdato, adresse, kontaktperson/føresett/mobilnummer og evt. Keepertrening..

Påmelding pr epost: fotballskulen@valle-il.no eller

Påmelding pr SMS til Fotballgruppa v/Anne Grete Lio, tlf. 909 72 159

 

Sjå vedlegg for program og praktisk informasjon.  

 

VEL MØTT TIL FOTBALLFEST I VALLE!

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer