Trening og føredrag sundag 11.oktober

Skrevet av: ALL, publisert 06.10.2015

Fyrstkomande sundag inviterer Valle IL og Valle folkeakademi til trening, mat og føredrag med Torbjørg Haugen.

I samband med kulturveka i Valle har vi vore så heldige å få Torbjørg "tante" Haugen til å kome og fortelje om mat og opplevingar saman med store heltar frå toppidrettsmiljøet i Noreg.

Ho er levande oppteken av sunn og god mat. Tante gjer alltid det beste for at alle skal få eit godt og smakfult måltid. Helst lagar ho maten frå botnen og brukar gode råvarer. Ho har vore kokke for skiskyttarane, langrennsjentene og Molde fotballklubb - og lever opp til det kjente ordtaket "uten mat og drikke, duger helten ikke".

Frå kl. 15:00 blir det aktivitetar for ungdommane. Vi delar dei inn i fire grupper, der alle gruppene skal innom fire ulike aktivitetar. Her får dei ein spinningtime med Bjørg Åkre, og treningsrettleiing i Møykjeromet med Bjørnar Støle, i tillegg til to hallaktivitetar.

Etter treninga blir det eit enkelt og sunt måltid, før føredraget med Torbjørg kl 17:30.

Føredraget er ope for alle!

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer