Valle IL

 

Vi treng prosjektleiar til Klubbhuset!

Skrevet av: , publisert 27.09.2018

Valle IL er i gong med planlegging av Klubbhus, og treng nå ein prosjektleiar som kan leie bygginga. Du får ansvar for å syte for framdrift, så du bør ha forståing for ein byggeprosess. Det er mange som skal bidra til eit slikt prosjekt, vi er mange som stiller på dugnad når du ønskjer og treng, så evne til å samarbeide med ulike folk er ein stor fordel!

Status i prosjektet så langt: Vi har søkt spelemidlar til prosjektet, og søknaden er godkjent. Det har derimot ikkje vore pengar via spelemidlar til prosjektet dei siste to åra, så søknaden er blitt fornya kvart år. Vi håpar og trur vi skal få pengar til våren! Prosjektet er godkjent i kommunen, og når vi får ein prosjektleiar på plass, kan vi også i praksis begynne bygginga – gitt finansiering. Prosjektet har ei kostnadsramme på ca 2,5 millionar, og mykje av bygginga må gjerast ved hjelp av dugnad frå medlemmene. Vi har mesteparten av finansane i orden, du som prosjektleiar må saman med gode krefter i idrettslaget vere med å velje materialar og løysingar etter både ønskje og lommebok.

Vi er sikre på at det er mange kompetente menneske i Valle IL, og nå håpar vi ein av dykk er vår nye prosjektleiar slik at vi får bygt det veldig etterlengta klubbhuset vi alle drøymer om!

Dersom du meiner du kunne vore aktuell, eller vil ha meir informasjon om prosjektet, så ta gjerne kontakt med Anne Liv på mobil 99386630.
 


20161004_Fasader.pdf

20161004_Plan 1 og snitt A.pdf

Situasjonsplan 1-1000_rett.pdf

 

Bildetekst
Bildetekst
Bildetekst