Bispevegmarsjen vel gjennomført
Skrevet av: , publisert 04.08.2024
Det vart ein flott jubileumstur for dei 53 deltakarane som deltok på den 40 utgaven av Bispevegen.

Valle IL og Fyresdal IL arrangera turen for 40 gong. Marsjen er ein fin tradisjon og går av stabelen fyrste helga i august kvart år. Etter nokre år der det ikkje har vore marsj kom arrangøren igjen på banen og turen i år kan me sei at fekk godt turver slik at ein fekk sjå den flotte naturen som er mellom Fyresdal og Valle.
Takk for alle som deltok på årets marsj og ikkje minst dei som held i alle trådene for at det skal verte marsj. Med Gudrun Sagneskar i spissen som primus motor saman med Dreng Rike og Anne Liv Lidtveit frå Valle IL og frå Fyresdal IL Andrea Veum.
Vil du vite meir om historien sjå her: Bispevegen info og historie
Neste år vert det arrangera marsj Laurdag 2 august. Du kan følge med informasjon enten på denne nettsida til Valle IL, eller følg facebook arrangementet her: Bispevegen facebookarrangement






















