Kretsmeistrar Agder og Rogaland, langrenn J13/14
Publisert: 11.01.2025
Lotta Åmlid Rinden og Victoria Straume vart Kretsmeistarar i sprintstafett, fristil.
Me gratulere så mykje med gullet.
Dugnad på Ski NM Hovden
Publisert: 17.11.2024
Valle IL får inntekt til klubben for å stille på dugnad under Hovden NM.
Kan du bidra? Trykk på linken og fyll inn kva du kan og når du kan. Det er mest behov laurdagen.
Høyrer gjerne frå dykk!
Link til å melde seg til Dugnad
Publisert: 16.11.2024
Eirik Skogen har vore primus motor for Valle IL slik at me får padelbane i Valle.
Les mer
Oversikt treningstider i hallen
Publisert: 14.10.2024
Publisert: 22.09.2024
Kretsmesterskap på Rulleski for Agder og Rogaland vart arrangera laurdag 21 september i nydelige rammer i rulleskiløypa i Brokke.
Det var 108 påmeldt til konkurransen. Alt frå 8 år og oppover i alder frå Agder og Rogaland og også frå andre plassar hadde folk tatt turen til Brokke denne nydelige haustdagen.
I tillegg til å kåre kretsmesterar så var Team Elon Vest på plass med Aron Åkre Rysstad frå Valle IL i spissen. Han hadde med seg Gaute Kvåle (Røldal IL) og Mathias Holbæk (Vindbjart). Sistnevnte Mathias Holbæk vann KM senior med Gaute på 2 plass og Aron på 3 plass. Dei hadde ei flott samling med 37 utøvere i etterkant av konkurransen.
Frå Valle IL Stilte Lotta Åmlid Rinden, Victoria Straume og Åsne Nomeland til start i tillegg til Aron. Flott gjennomført konkurranse av våre lokale utøvarar og Victoria fekk 3 plass i kretsmeisterskapet i sin klasse.
Det krev ein god dose dugnadsinnsats for å gjennomføre eit slikt arrangement. Sverre Rinden har vore primus motor for heile arrangementet slik at rammane for arrangementet vart virkelig gode.
Takk for alle som stilte på start og alle dykk som var med på dugnad. Alle brikkane er så viktige på eit slik arrangement slik at kvar del av arrangementet flyt godt. Takk til Henning Wiig for god hjelp til arrangementet og for at det vart tatt ein haug bilete. Det er alltid gøy å ha.
Valle IL har gode støttespelarar som sponsorar. Me har fått på plass bannerar slik at våre sponsorar kan vere synlege på arrangementer som Valle IL har.
Sponorane er Valle Sparebank (hovudsponsor), Joker, Bykle Vindu, Knut Hovet inst, Valle kommune, Hylestad Auto, Brokke AS, Valle Sport og Uppstad VVS.
Resultater: KM Rulleski Agder og Rogaland (eqtiming.com)
Fotograf på alle bilder er Henning Wiig
Les mer
Publisert: 04.08.2024
Det vart ein flott jubileumstur for dei 53 deltakarane som deltok på den 40 utgaven av Bispevegen.
Les mer
Vis flere forside artikler >>