Møykjeromet
Skrevet av: SK, publisert 26.11.2023
Valle IL har eit treningssenter som har godt innhald av utstyr til styrketrening, gruppetreningar og spinning
Det er høg aktivitet i Møykjerommet.
Det er opent 24/7 for medlemmar som har betalt avgift.
Forutan å trene sjølv i treningsrommet er det oppsett tider for gruppetreningar i styrke og spinning.
Tidsplan:
Måndag 16.30-18.00: Setesdal folkehøgskule brukar Møykjeromet. Det er ikkje stengt i dette tidsromet. Men det er trongt om plassen.
Måndag 19.00-20.00 Styrketrening med innslag av AMRAP, EMOM, Tabata osv. Møt opp for å få ei kort, effektiv og hyggeleg treningsøkt i Speglrommet. Ope for alle
Tysdag: 18.00-19.00 Spinning. Ope for alle.
Torsdag: 18.00-19.00 Spinning. Ope for alle.
Torsdag 19.00-20.00 Styrketrening. Ope for alle
Det er også eit samarbeid med Bykle IL om langspinning 3 timar som arrangerast siste søndag i månaden enten i Valle eller BYkle.