Valle IL

Årsmelding 2024

Skrevet av: , publisert 14.03.2024

Årsmelding 2023

 

 

Styret i Valle IL legg med dette fram årsmelding for aktivitetsåret 2023.

 

Hovedstyret 2023

Solveig Kyrvestad, Leiar

Arild Aabø, Nestleiar

Ingebjørg Solbakk, kasserar

Eirik Skogen, skrivar

Kent Lund, styremedlem

Ingvild Johre, styremedlem

Elin Viki, styremedlem

Sara-Maria Samuelsen, ungdomsrepresentant

 

Tarald Myrum, 1 vara

Cecilie Haugen, 2 vara

Torleiv Jansen, 3 vara

 

Valnemnd

Richard Tjølsen Nomeland

Lars Tarald Myrum

Magnhild Tveit

 

Revisor

Frode Buen

Hallvard Holum

 

Styret har hatt ca 7 møter

Medlemstal: 578 medlemmar.

 

 

 

 

 

 

 

 

100 årsjubilant i 2023.

Valle idrottslag vart stifta 19 august 1923.

 

Valle Idrottslag 100 års jubileumsskrift, publisert på jubileumsfesten 14 oktober 2023:

Jubileumskomite Valle IL 100 år (bok-komite)

Gunnar Brottveit, Torleif B Harstad, Knut O. Homme, Tarald Myrum med Tarald Rike som skriv boka.

 

 

Ord frå Tarald Rike om jubileumsboka:

Godt motteken, dei fleste husstandene har henta boka, og mange har bruka ho til jolegåve

 

Gunnar Brottveit meiner at om lag halvparten av opplaget på jubileumsboka no er ute blant folk. Det er rimeleg å tru at dei fleste husstandane i Valle har henta seg boka, og mange har bruka boka som jolegåve. Det er eigentleg heilt utruleg! Den største «ulempa» med boka, er at ho er så tykk og tung, opplaget er på 2000, ho er på 308 sider og veg 1,5 kilo !  Folk som eg har tala med, har klaga noko over at det er så dyrt å sende boka med Posten !

Det er nok få idrottslags jubileumsskrift som er så omfangsrike som vår. Etter ein kikk på nettet, så finn eg ut at Sogndal Idrettslags skrift frå 1976, er på 133 sider, Birkenes Idrettslags skrift frå 1999, er på 139 sider, Lillesand Idrettslags skrift frå 1994, er på 159 sider, Randesund Idrettslags skrift frå 1996,  er på 136 sider, Hakadal Idrettslags skrift frå 2000, er på 231 sider, Greipstad Idrettslags skrift frå 2016, er på 253 sider, Ullern Idrettsforeningsskrift frå 2010, er på 277 sider og Manglerud Stars skrift frå 2013, er på 300 sider.

Tarald Myrum fortalde at han var overraska over at det ikkje hadde kome klager på folk som vi ikkje hadde fått med oss, altså folk og prestasjonar som burde ha vore med. Men det har kome mange tilbakemeldingar frå folk som har vorte overraska over kva slags gode prestasjonar mange har oppnådd og overraska over gamle resultatlister som dei ikkje hadde oppdatert kunnskap om. Reaksjonane har elles vore slik som: «Eg lika best å lese om dei frå 30-talet», «eg visste kje at han ha` vore så god`e», «eg visste ikkje at papa var så god i hopp» og  «overraska at han ha` vore so god`e  – han ser ‘kje slik ut.» !

Boka kan hentast på daglegvarebutikkane i Valle kommune, der det er sjølvbetening: Ei gratis bok til kvar husstand i kommunen, og boka kan elles kjøpast for kr 100 og betale gjennom Vipps til Valle Idrottslag - Vippsnr står ved bokstablane.

 

Jubileumsfest

 

Jubileumsfesten fekk gode historiar frå dei som har jobba med boka og ikkje minst Kåre Rike som tok oss med tilbake i tid med ein presentasjon. Gina Brottveit hadde laga ein film om idrettslaget i nyare tid.

Jubileumsfesten baud også på god mat og heder og ære til trenarar og dei som står på for tilbodet for innbyggjarane i Valle. Fleire talar og overrekkingar. Markering av dei som har motteke kulturstipend. Eigen song til idrettslaget som me ventar på at skal publiserast.

Erling Sagneskar vart Æresmedlem etter mange år med fantastisk innsats i idrettslaget.

Alt i alt ein verdig fest for ein 100 års jubilant.

 

Møykjerommet

Gudrun Sagneskar, Johnny Steig, Kent Lund, Kristine Kleiveland og Cecilie Haugen

 

Møykjeromet har framleis stor aktivitet gjennom heile året. I 2023 var det registrert om lag 250 medlemmer som deltek på gruppe- og eigentreningar. Det er stor variasjon i alder, alle kjønn og mange etnisitetar. Vi ser og ei auka pågang av hytteturistar frå Brokke.

Av gruppetimar har vi spinning, tabata og step/styrketrening. Det har vore godt oppmøte på alle timane, og vi meiner det er viktig å kunne tilby faste timar gjennom veka. 

For å gje dei yngre eit breiare treningstilbod har vi valt å redusere aldersgrensa til 8. klasse, men då med samtykke frå føresette evt. i følge med person over 18 år. Alle ungdomane er forplikta til å delta på eit innføringskurs med fokus på førebygging og teknikk. Fleire ungdommar har nytta seg av dette. 

Setesdal Folkehøgskole har i år fått avsett tid til trening, men Møykjeromet er samstundes ope for alle medlemmer. 

Vi jobbar stadig med utbetring av utstyr og vedlikehald. Etter at overvakingskamera vart installert har vi ikkje opplevd hærverk og uhell utan at nokon har meldt i frå.Difor har det vore lite kostnader knytt til reparasjonar i år. Thera trade hadde gjennomgang og vedlikehald av alt utstyret i vår. Det er kostbart å leige inn pga køyreveg, men vi utfører det vi kan av vedlikehald sjølve. 

Overvakingskameraet har også bidrege til at det er meir ryddig. Vi håper at medlemane fortset med dette, bruker innesko, handkle og vaskar etter seg. På den måten blir trivselen og hygienen god når vi skal trene.

Vi har eit stort ynskje om å utvide utstyrsparken og tilbodet, men vi er avhengige av større areal for å kunne utvikle Møykjeromet slik vi ser for oss at det kan bli. I 2024 vil vi jobbe vidare for å finne løysingar på korleis vi kan få dette til. 

 

Styrketrening møykjerommet

Ansvar: Lena Kleven Flateland, Magnhild Tveit, Kristine Kleiveland, Bjørg Åkre, Margrethe Lien

Hver mandag og torsdag kl. 19-20 har det blitt arrangert trening i speglsalen i Møykjeromet. Treninga er organisert av ei handfull instruktører som legg opp til variert trim som passer alle. Vi bruker utstyret som er tilgjengelig i speglsalen: step, kettlebells, medisinballer og manualer. Treninga er inspirert av step, aerobic, Functional fitness og tabata. Målet er ei god økt for heile kroppen, med god veiledning og inspirasjon.

I 2023 hadde treningstimene godt oppmøte, med eit snitt på 10-15 deltakere hver mandag og torsdag. Det har som regel vært opphold med helligdager og i ferier. Det har vært flest jenter med på trening, i alderen 18-60 år.

Noen av timene i 2023 var så fulle med rundt 20 deltakere – og det var da mangel på golvplass og utstyr. Treningstimene i speglsalen er gratis og krever kun medlemskap i VIL og medlemskap på Møykjeromet. Det er et tilbud som er lavterskel og kan tilpasses alle.

 

Utvikling:

Treninga er et godt tilbud som benyttes hovedsakelig av jenter i alderen 18-60 år. Men det er selvsagt rom for deltakelse av menn i samme aldersgruppe – så en kan muligens også fremme tilbudet som et alternativ for denne gruppa også. Treningstimer er et fint tilbud for de som ikke er innenfor organisert idrett, og det fungerer flott som et supplement til de som har andre idretter og aktiviteter de holder på med.

Tilbudet drives av frivillige instruktører, ei god utvikling kan være at alle instruktører tar kurs innanfor relevante aktiviteter. Dette kan være for eksempel kurs innanfor: vektløfting, trening for barn og ungdom, functional fitness, kettlebell, step/aerobic, body pump, basisball, PT, trening med ball osv. Ei god supplering av tilbudet kan være kurs innen yoga/pilates.

Lokalene for trening fungerer godt, men det blir fort lite plass når en har mange deltakere (opp mot 20). Det er også mangel på noe utstyr: kettlebells i noen vektstørrelser og manualer i noen vektstørrelser. Videre utvikling av lokalene er svært ønska, og vil heve kvaliteten på tilbudet.

 

Spinning/sykkel

Ansvar: Elin

Ewald har spinning 2 x pr veke. Jevnt oppmøte.

Det er også langspinning siste helg pr mnd i samarbeid med Bykle IL.

Sykkelgruppa var med på Color Line Tour med oppstart i Valle. Elin Viki, Ånund Viki, Dreng Viki, Torleiv Jansen,  Eivind Andre Moe, Knut Henrik Torgersen var på laget Sykkel Sete Støl

Valle IL Har ansvar for matstasjon i forbindelse med Color Line Tour.

Gunnar Brottveit har hatt ansvaret for dette.

 

Sprekleikengruppa

Ansvar: Arild Aabø, Magnhild Tveit, Kristne Kleiveland, Olav Åkre Lund, Hege Kjær Langeid.

Sprekleikengruppa hadde aktivitet i hallen jubileumshelga til Valle IL. Der var det gratis symjekurs med Marthe Strædet for born i 1 til 3 klasse samt forskjellige aktiviteter i hallen frå barnehage alder og til grunnskule. Det var også teori og praktisk styrketreningskurs med Rune Sagneskar.

Det var veldig godt oppmøte denne dagen.

 

 

Fotballgruppa:

Ansvar: Margrethe Mosdøl, Bjørn Harstad, Anne Marie Haugå, Åshild Bryggeså

Det er 1-2 treningar for alle aldre kvar veke. Det er 7 trenarar i sving kvar veke for å halde treningstilbodet.

Har i 2023 arrangera Tine fotballskule med over 40 deltakarar i august 2023. Dette var eit lågterskeltibod der ein valde å ha det gratis for deltakarane som er svært viktig for å ha lik mogelegheit for alle. Det var mange som stilte opp på dugnad på dette arrangementet. Eit svært velukka arrangement.

Draktene bør fornyast i 2024.

 

Kvendefotball:
Ansvar: Marit Sagneskar

Trening for kvender kvar veke for soialt og moro.

 

Karefotball

Ansvar: Eivind Dahle

Spela torsdager frå 19-20.30 og oppmøte er alt frå 6 til 12 personar frå 18 år og oppover.

 

Skigruppa:

Solveig Kyrvestad (leiar), Erling Sagneskar, Sverre Rinden, Ingunn Retterholt, Stein Straume, Arild Aabø, Caroline Rysstad.

Sesilåmi 2023 hadde vinnar frå Valle IL i klasse menn og dame!!

Aron Åkre Rysstad og Elin Uppstad med 1 plass i Sesilåmi.

Gratulere så mykje.

I 2023 har det vore unge deltakarar som har vore aktive og trent gjennom heile året, på snø og i rulleskiløypa.

Det har vore arrangera treningar for barn og unge i lysløypa når det er skisesong.

Det har vore 2 Øvre Setesdal Cup skirenn.

Skigruppa hadde også ansvar for å arrangere Minilåmi saman med Brokke i samband med Sesilåmi. Der var det ca 100 deltakarar.

Rapport frå aktive:

Aron var i ein semi og eit par kvartfinalar i Skandinavisk cup og NM som beste første del av 2023. Ein test på Olympiatoppen viste at kroppen ikkje responderte på kroppen som ønska. Men ein opptur på heimebane med seier på Sesilåmi som var kamp til døra i hard konkurranse. Rulleskisesongen vart resultat 12 på Blink Classic og Alliansloppet. Her var alle dei beste på start og ein god bekreftelse på formen var på riktig kjøl.

16 plass i sesongopning 23/34 sprint, og eit par gode distanserenn på Gålå.

Elin deltok på fleire NC-renn i 2023. Ho vann også kvinneklassa i Sesilåmi!

Har 15 plass frå 15 fri Lygna, NC, 38 plass NC Nes, 4 plass kretsmesterskap i Hedmark og Oppland skikrets.

Aleksander hadde ein noko tung sesong i 2023 med sjukdom, men satsar vidare i 2024

 

 

Dagsturhytta:

Ansvar: Oddny Bjørgum Sagneskar, Astrid Kyte

November 2023 opna Dagsturhytta på Lauvåsloptet. Valle IL har tatt ansvar for å ha tilsyn med hytta. Ein ønsker å ha nokre som har ansvar for dette gjennom året.

Valle Il får 50 000 for å ha dette ansvaret.

 

Open hall:

Ansvar: Solveig Kyrvestad, Birgit Homme, Hege Kjær Langeid

Siste del av 2023 fekk Valle IL ansvar for å ha open hall i helger som følger skuleruta.

Valle IL ser at det er svært viktig å halde eit godt aktivitetsnivå og dette er ein god måte å bidra til det på. Det har vore alt frå eit par til over 40 på desse dagene. Alt i alt eit velukka tilbod.

Valle IL får 20 000 for dette ansvaret.

 

Turløyper:

Ansvar: Valle IL

Valle IL har ansvar for nokre av turløypene i kommunen. Det som vert utført av arbeid i turløypane vert betalt ut som godtgjersle frå kommunen til Valle IL.

I forbindelse med Valle skyrace vart det gjort ein ryddejobb i nokre trasear. Blant anna Gangseid, merka Varen, Ljomsnuten til Stavdalen samt rydda opp Støylsvegen til Masta og opp med Honnevje.

Ein ser at traseen som er med Honnevje treng sårt oppgradering, samt Bispevegen må gjerast noko med før Bispevegene og Valle skyrace i august.

 

Valle Skyrace

Ansvar: Solveig Kyrvestad, Eirik Skogen, Ingebjørg Solbakk

Nytt arrangement i regi av Valle IL siden det er 100 årsjubileum. Distanse i 2023 14 km over Nomelandsfjell og selve Skyracet på 43 km og 2600 høgdemeter.

42 starter i lang løype og 26 i kort løype.

Med planleggingstid på 2 mnd frå ideen vart lagt fram i styret til starten gikk må ein sei at dette var eit velukka arrangement. Med mange poster ute i løypa vart deltakarane godt passa på. God dugnadsinnsats gjer slike arrangement mogeleg.

Arrangement 17 august 2024 er under planlegging og ein utvidar arrangementet.

 

 

Trimpoeng-app.

Ansvar: Tor Viki og Sigbjørg Næss.

Trimappen som tar oss med i dei aller fleste turløyper i kommunen hadde i 2023 120 påmeldte brukarar og 1200 innloggingar. 330 innsjekk på favoritten Einang. 37 innsjekk.

 

Tabata Hylestad

Ansvar: Åse Solbakk

Tabata for alle aldre. Ei gong pr veke. Ca 6 i gjennomsnitt oppmøte.

 

Barnetrim

Valle halli, barnehage

Ansvar: Ann Kristin Rike

Barnetrim er eitt tilbod for alle barn i barnehagealder onsdagar 16.30 til 17.30. Dette følger skuleruta. Her kan små born bli trygge i hallen og bli kjend med utstyr som hallen byr på. Det er ball-leik, balansetrening, klatring, turn og hopping på tjukkas. Oppmøte er alt mellom 3 og 15 barn. Alle er velkomne her.

 

 

Hylestad gymsal

Ansvar: Åse Solbakk

1-4 klasse og større og mindre søsken. Aktiviteter som tarzanløype, klatring osv. Oppmøte alt frå 5 til 20 pers.

 

Volleyball vaksne

Ansvar: Gina Brottveit

Volleyball treningane har vore aktive og sosiale der vaksne har samlast for å spele volleyball. Det er eit oppmøte på ca 12 kvar gong, med rekort på 18. Det er eit positivt og inkluderande miljø der alle som har lyst kan kome og vere med. Gøy samtidig som ein er fysisk aktiv.

 

Innebandy

Ansvar: Sondre Rua Dokken

Faste treningar kvar måndag klokka 20.00. Varierande oppmøte frå 6 til rekord på 16. Mest karer som møter opp men også nokre damer. Alder 15 til over 50. Gøy treming med gor intensitet.

 

Karetrim

Har ikkje vore i 2023

 

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer