Valle IL

Aron i finalen på NM-sprinten

Skrevet av: , publisert 23.02.2024

Aron ender som nr 6 i NM finalen i sprint etter ein god dag på jobben. På sidelinja var også familien til stades med fleire frå Valle. Resten av oss fulgte godt med på TV-skjermen.

 

Aron var i kalasform på dagens sprint. Gjekk prolog i snødrevet som vi ikkje har sett før og kommer som nr 2 etter prologen. Greit videre fra kvart og semi. 

So long, so good. Ein taktisk bommert i finalen og ein kvart snurr gjer at det vert litt langt opp til dei gjevaste plassane. Marginane der kom ikkje heilt på Arons side i dag. Men Aron kan melde om at han bortsett frå denne lille detaljen er svært fornøgd med dagen. Me gler oss over å se Aron i slaget og gratulere så mykje.

 

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer