Valle IL

Godt Nytt År

Skrevet av: , publisert 31.12.2023

Takk til alle trenarar, ansvarlege, samarbeidspartnare og sponsorar som gjør all aktivitet mogeleg

Me kan sjå tilbake på eit godt år i Valle Idrottslag og gler oss til å hoppe inn i 2024 og fortsette det høge aktivitetsnivået.

Høgdepunktet i året som me nå går ut av var 100-års jubileumet. I 100 år har idrottslaget vert med å skape aktivitet i den flotte bygda vår.

Jubileum

Dette vart feira med fest for heile bygda i Vallehalli. Det var ca 160 møtte som fekk vere med på eit program mange var delaktige i. Det var gjort eit stort bok-arbeid i forbindelse med 100 års markeringa der Tarald Rike stod for skrivinga i godt samarbeid med "bokgruppa" som jobba for å finne stoff til boka. Det ein tenkte skulle bli ei lita bok på ca 70 sider vart 300 sider med tilbakeblikk i Valle idrottslag si historie. Så takk til Tarald Rike saman med Tarald Myrum, Knut Homme, Torleif Harstad og Gunnar Brottveit for dette flotte verket. Dersom du ennå ikkje har fått tak i boka så finn du den på butikkar i Valle og på Rysstad. Valle Sparebank har støtta Valle idrottslag med alle utgifter til denne boka. Tusen takk!

Du kan lese om alle bidrag til festhelga og jubileumsleikane i eigen artikkel om 100 -års jubileumet her på heimesida.

Valle skyrace

Det vart for første gong arrangera Valle Skyrace 19 august på dagen 100 år etter laget vart skipa. Eit fjell-løp som tek deltakarane på fjelltoppane som Valle er omkrinsa av.

 

Løpet er ca 43 km og 2500 høgdemeter. Kanskje eit treningsmål i august 2024. Eg lovar ei rå oppleving du seint vil gløyme.

Aktivitet kvar dag heile veka

Det er mange i sving i eit idrettslag gjennom veka. Det er trenarar som står på fleire gonger i veka, om det gjeld fotball, langrenn, barnetrim, styrke av ulik slag, volleyball, badminton, open hall, innebandy, karetrim eller om det er å sørge for at andre ting vert arrangera slik som Sesilåmi, Bispevegen. Dagsturhytta er det også nokre som kikker etter slik at det er orden der.

"Som trenar er du vegleiar og instuktør, du er mentor og førebilete for utøvarar. Du er med på å forme og utvikle dei du trenar som idrettsutøvar og menneske. Som trenar er du med på å bygge sjølvtillit, disiplin og lagånd hos utøvarane. Du er med på å skape eit trygt og inkluderande miljø og bygge felleskap".

Takk for alt de gjer for at me skal ha eit godt og velfungerande idrettsmiljø i bygda.

Eit idrettslag er viktig for å skape eit trygt og inkluderande miljø i bygda vår.

Sponsorar

Valle idrottslag har gode støttespelarar og sponosrar. Me vil rette ein stor takk til alle dykk som er medverkande til at idrettslaget kan halde høg aktivitet gjennom året og fortsette og utvikle seg.

Valle Sparebank

Brokke 

Joker Valle

Bykle Vindu

Knut Hovet

T. Bjørnarå AS

Hylestad Auto

Valle Sport

Valle kommune

 

Heimesida

Me vil prøve å bruke heimesida aktivt slik at de kan halde dykk oppdatert på aktivitetar som er kvar veke og anna som skjer. Gjer dykk kjend på den. Den er enno under oppdatering, men det begynner å lande no.

Aktivitet i 2024

Det er planlagt stor aktivitet i 2024. Fotballgruppa startar med turnering i Vallehalli den 20 Januar. Det blir også klubbrenn på langrenn 24 Januar. Sesilåmi arrangerast 10 mars, Bispevegmarsjen feirer jubileum 3 august, Valle skyrace 17 august. Dette er berre nokre utvalgte aktiviteter i tillegg til dei vekentlige aktivitetane. Og det kjem heilt sikkert meir spennande arrangement de kan glede dykk til. Følg med Valle IL på Facebook og heimeida.

 

Med ønske om det beste til dykk alle i 2024. 

Ønsker dykk eit godt aktivitetsår.

Godt nytt år :)

Beste helsing frå leiar i VIL, Solveig K

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer