Krav om politiattest i Valle IL

Skrevet av: Anne Liv Lidtveit, publisert 07.11.2016

 

Alle trenarar skal ha godkjent politiattest!

 

Norges idrettsforbund har bestemt at alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal skaffe politiattest.

I Valle IL gjerast dette i samråd med leiaren i idrettslaget, Anne Liv Lidtveit, som er ansvarleg for politiattestordninga, og evt spørsmål kan rettast til ho på e-post (post@valle-il.no) eller telefon (99386630).

For å søke om politiattest, må du ha ei stadfesting frå idrettslaget om at du har behov for politiattest. Slik stadfesting får du frå Anne Liv, så ta kontakt med ho dersom du treng politiattest.

Når du har mottatt politiattesten din, skal du syne den til Anne Liv. Du beheld attesten sjølv. Du treng ny attest kvart 3. år.

 

 

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer