Kretsmesterskap Rulleski Agder og Rogaland i Brokke
Skrevet av: , publisert 22.09.2024
Kretsmesterskap på Rulleski for Agder og Rogaland vart arrangera laurdag 21 september i nydelige rammer i rulleskiløypa i Brokke.
Det var 108 påmeldt til konkurransen. Alt frå 8 år og oppover i alder frå Agder og Rogaland og også frå andre plassar hadde folk tatt turen til Brokke denne nydelige haustdagen.
I tillegg til å kåre kretsmesterar så var Team Elon Vest på plass med Aron Åkre Rysstad frå Valle IL i spissen. Han hadde med seg Gaute Kvåle (Røldal IL) og Mathias Holbæk (Vindbjart). Sistnevnte Mathias Holbæk vann KM senior med Gaute på 2 plass og Aron på 3 plass. Dei hadde ei flott samling med 37 utøvere i etterkant av konkurransen.
Frå Valle IL Stilte Lotta Åmlid Rinden, Victoria Straume og Åsne Nomeland til start i tillegg til Aron. Flott gjennomført konkurranse av våre lokale utøvarar og Victoria fekk 3 plass i kretsmeisterskapet i sin klasse.
Det krev ein god dose dugnadsinnsats for å gjennomføre eit slikt arrangement. Sverre Rinden har vore primus motor for heile arrangementet slik at rammane for arrangementet vart virkelig gode.
Takk for alle som stilte på start og alle dykk som var med på dugnad. Alle brikkane er så viktige på eit slik arrangement slik at kvar del av arrangementet flyt godt. Takk til Henning Wiig for god hjelp til arrangementet og for at det vart tatt ein haug bilete. Det er alltid gøy å ha.
Valle IL har gode støttespelarar som sponsorar. Me har fått på plass bannerar slik at våre sponsorar kan vere synlege på arrangementer som Valle IL har.
Sponorane er Valle Sparebank (hovudsponsor), Joker, Bykle Vindu, Knut Hovet inst, Valle kommune, Hylestad Auto, Brokke AS, Valle Sport og Uppstad VVS.
Resultater: KM Rulleski Agder og Rogaland (eqtiming.com)

Fotograf på alle bilder er Henning Wiig












































































































































































