Medlemskap Valle IL, tilgang Møykjerom

Skrevet av: SK, publisert 26.11.2023

Nye medlem kan melde seg inn på fylgjande måte:

Meld deg inn i Valle IL på  www.minidrett.no (ta screenshot som bekrefter innmelding). Faktura for medlemskapet kr. 200,- blir tilsendt seinare på mail/minidrett/betal direkte på minidrett.

Valle IL og Valle kommune samarbeider om å drive treningsroma som ligg i Vallehalli. Dersom du ynskjer å delta på spinning, fellestreningar i Speglesalen eller bruke styrketrenigssalen (Møykjeromet) må du vere medlem i Valle IL, og betale møykjeromsavgift. Møykjeromet er åpe kvar dag, 24 timar i døgnet.

Prisar for bruk av Møyekjeromet

Vaksne: 1000,- per kalenderår

Studentar/lokale ungdomsskuleelevar: 500,- per kalenderår. Husk å vise gyldig studentbevis.

Det er ikkje mogleg å melde seg inn for kortare tid.

Reglane for bruk av Møykjeromet:

  • Bruk innesko.
  • Bruk handkle på matter og benker.
  • Rydd alltidetter deg, legg vekter tilbake på sin plass, vask apparat og utstyr etter bruk.
  • Aldersgrense er 8. klasse – med samtykke frå føresette, eller i følge med person over 18 år.
  • 16 års aldersgrense uten samtykkeskjema.
  • Utlån av nøkkelbrikke fører til utestenging. 
  • All trening er på eige ansvar.

Betalt møykjeromsavgift kr. 1000 til Valle Idrottslag Vipps #124604 Merk med «Møykjeromsavgift».

Adgangskort hentar du i Velkomst hjå Valle kommune. Du må vise at du har meldt deg inn i Min Idrett og betalt møykjeromsavgift før du får kortet. Ha gjerne dette klart.

Kortet ditt er gyldig frå du melder deg inn til 20. januar påfølgjande år. Då får du faktura på både medlemsavgift og møykjeromsavgift.  Medlemskapet ditt vert fornya dersom du betaler desse innan betalingsfristen.

Samtykkeskjema må signerast av føresette og ungdom på Velkomst når du henter adgangskortet.

Dersom du ikkje har Vipps, kan du sende mail til kasserar@valle-il.no. Så utsteder vi faktura. Vis kopi av betalt faktura i Velkomst, så får du adgangskortet etterpå.

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer