Padelbane skal stå ferdig våren 2025
Skrevet av: , publisert 16.11.2024
Eirik Skogen har vore primus motor for Valle IL slik at me får padelbane i Valle.
Padelbanen skulle etter planen ha vore ferdig no i haust. Det har dessverre vore nokre utfordringar knytt til levering og montering av padelbana.
Etter at bana vart levert, oppdaga vi at fleire element hadde vorte skadde under transporten -såpass skadde at det ikkje kunne godkjennast. Vi har gjennomført befaring med leverandør førre veke, og der vart det avgjort at alle metallelement må erstattast og bestillast på nytt. I tillegg var det ikkje tilstrekkelig stramma metallgitter og bana svaia i vinden, dette vart oppdaga i tide slik at det ikkje vart ytterlegare skader. Kyndige folk har sikra at konstruksjonen no står stødig.
Padelbana vil stå stabil fram til bvåren og ferdigstillast så snart dei nye elementa er på plass.
Valle IL ønskjer å bidra til å leggje tilrette for aktivitet. Me vil når bana stå ferdig handle inn padel-utstyr som kan lånast for å bruke bana.
Det er bare å glede seg.