Valle IL

Turløyper

Skrevet av: , publisert 20.05.2024

Mange har allereie lasta ned Trimpoeng app. Det kan vere ein motivasjon for å kome seg på tur, og det er mange gode turforslag der. Det kan nok vere lurt å vente litt med dei høgaste toppane, men der er mange andre ruter som no er fine å gå.

Trimpoeng app

Valle Idrottslang og Valle kommune har eit godt samarbeid om turløyper i kommunen. Dagsturhytta har i år kome som eit nytt turmål og det er Idrottslaget som har ein flott gjeng som syter for tilsyn med den flotte hytta.

 

 

Liv-Gunn, Astrid og Oddny passer på at det er flott i og rundt Dagsturhytta

Valle Idrottslag og Valle kommune har hatt møte om vedlikehald av løyper i 2024 og vidare utvikling av løypenettet.

Dei aller fleste løypene held Valle IL tilsyn og vedlikehald med. Men det er med unntak av Brokke, Prestfossen, Rysstad Turpark og Gloppefoss.

Løypetraseen Gangseid er rydda no i mai og er oppgradert med ny bru. Denne løypa er eigna både til fots og med sykkel.

Dersom nokre vil melde om behov for vedlikehald eller innspel til nyutvikling av løyper så kan spørsmål rettast til Leiar Valle IL Solveig K på tlf 91247155 eller mail post@valle-il.no

Last ned appen og ta ein tur! Du har heile 28 turmål og velge i.

Einang er nok ein favoritt for mange, den er kort, men gir god trim og nydelig utsikt. 

Dersom du vil bruke dagen på tur så anbefalest det å legge inn ein planlegging på Sandvatn, Svorvaren, Stavskar. Der kan du få med deg den fantastiske utsikten som er frå Uppstad og inn i flottaste vestheia med høgste toppen Svorvaren som mål. Ellers er det bare å kome seg opp på Austheia for å trene til Valle Skyrace. Nydelig utsikt mange plasser over Vallebygda.

GOD TUR :)

 

 

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer