Valle IL

Valle IL 100 År

Skrevet av: , publisert 31.12.2023

 

 

100 års jubileumet vart feira i Vallehalli. Det var ca 160 møtte som fekk vere med på eit program mange var delaktige i. Det vart i tillegg til god underhaldning servera Setesdalsuppe som Eli Andersen stod for, "eple"kake +og lefser levera frå Helle lefser og bakevarer, og "eple"kake frå Torhild Brokke. Samt kake bestilt frå Hanne på Nordibø, og damene på Heimen hadde også laga kaker.

 

Det var gjort eit stort bok-arbeid i forbindelse med 100 års markeringa der Tarald Rike stod for skrivinga i godt samarbeid med "bokgruppa" som jobba for å finne stoff til boka. Det ein tenkte skulle bli ei lita bok på ca 70 sider vart 300 sider med tilbakeblikk i Valle idrottslag si historie. Så takk til Tarald Rike saman med Tarald Myrum, Knut Homme, Torleif Harstad og Gunnar Brottveit for dette flotte verket. Dersom du ennå ikkje har fått tak i boka så finn du den på butikkar i Valle og på Rysstad. Valle Sparebank har støtta Valle idrottslag med alle utgifter til denne boka. Tusen takk!

 

Vidar Homme og Tor Viki hadde kontroll på programmet heile kvelden og me takker for at dykk tok oppdraget å losa oss godt gjennom. Her med Torleif Harstad som bidro med historier frå "gamle dagar", og han har ikkje mindre enn 50 år!!!! med Karetrim i bygda. Me håper den tradisjonelle karetrimmen held fram.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kåre Rike ga oss også eit tilbakeblikk på aktiviteten som har vore i idrettslaget med flott film.

Gina Brottveit har hatt som oppgåve å lage film om Valle idrottslag og aktivitene, denne fekk me også sjå under jubileumet.

 

Kjetil Lund har skrive jubileumssang til idrottslaget. "Du er inkji aleine". Me får nok høyre denne meir når Kjetil får spilt inn låta.

Overrekking av gåve frå Valle kommune som vil få plass i klubbhuset.

Det var også overrekking av gåve til trenarar og gruppe-medlemmar.

 

Sist, men ikkje minst så var det på sin plass med litt heider og ære. Erling Sagneskar fekk æresmedlemskap på jubileumsfesten. Erling vart som kjent nominert til årets ildsjel i 2022, og fekk Kulturprisen i 2023. Han har stått på i idrettslaget i ein årrekke, og han er framleis å sjå på treniningar to gonger kvar veke. Han er også med langrennsutøvarane på renn når han kan. For ein innsats!!! 

 

Kjetil Carolis Jore med miksebordet og sørget for scenerigg og lyd til festen. Det er vanskelig å få til fest utan Kjetil. Takk for den enorme innsatsen du legg ned!!

 

Historien om treningsklær utstilt på festen.

 

Jubileumsleikar.

Helga det var jubileumsfest stod Sprekleikegruppa for leikar, treningskurs og svømmekurs.

 

 

Svømmekurset var heile helga og var intensivkurs for 1 til 3 klasse. Eit spleiselag mellom Valle kommune, Valle Sparebank og Valle IL. 

 

Ballspill i hallen

Rune Sagnskar hadde kurs om korleis ein legg opp ein treningsplan. Det var også praktisk økt i Møykjerommet.

Ein god gjeng som stod for arrangementet på dagen.

 

 

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer