Vedtekter Valle IL

Skrevet av: Marit J Brokke, publisert 30.07.2013

 

 

Vedtekter for Valle IL

 

 

§ 1 (Føremål)

Laget er sjølveigande og frittståande med utelukkande personlege medlemer.

 Laget sitt føremål er å drive idrott organisert i Norges Idrettsforbund.

 § 2 (Organisatorisk tilknyting)

 Laget er medlem av Norges Idrettsforbund gjennom Aust Agder Idrettskrets.

 Laget er medlem av dei særforbund som årsmøtet fastset.

 Laget høyrer heime i Valle kommune, og er medlem av Valle idrottsråd.[2]

 Reglane i NIFs lov kapittel 1, 2, 5, 11, 12 og 13 gjeld for idrottslaget uavhengig av kva som måtte stå i laget si eiga lov.

 § 3 (Medlemer)

 Alle som lover å halde laget og overordna idrottsstyresmakter sine lover og reglar kan verte tekne opp som medlem.[3]

 Elles pliktar eitkvart medlem å halde NIFs og laget sine lover og reglar.

 Ein søkjar kan ikkje takast opp som medlem utan at økonomiske tilhøve til andre organisasjonsledd og medlemer i NIF er gjort opp.

 Medlemskap i laget er først gyldig og vert rekna frå den dag første kontingent er betalt.

 § 4 (Røysterett og val)

 For å ha røysterett på laget sine møte må eit medlem ha fylt 15 år, ha vore medlem i minst 1 månad, og ikkje skulde laget kontingent.[4]

 Alle medlemer som har røysterett kan veljast til tillitsverv i laget, og som representant til ting eller møte i overordna organisasjonsledd. Det kan ikkje veljast representant som er arbeidstakar i laget. Dette gjeld ikkje for representantar som er valt av og blant de tilsette, eller som er spelar/utøvar med kontrakt og medlemskap i laget.

 § 5 (Kontingent)

 Kontingenten fastsetjast av årsmøtet og betalast forskotsvis.[5]

 Medlemer som skuldar kontingent for meir enn eitt år, har ikkje røysterett eller andre rettar, og kan av styret strykast som medlem i laget. Vert eit medlem stroke, kan det ikkje takast opp att før skuldig kontingent er betalt. Dersom medlemet framleis skuldar kontingent etter forfall av to års kontingent, skal medlemskapen avsluttast ved stryking frå laget si medlemsliste.

 § 6 (Godtgjering til tillitsvalde)[6]

 Tillitsvald kan mottake refusjon for nødvendige, faktiske utgifter, inkludert tapt arbeidsforteneste, som vert påført vedkomande i vervet. Tillitsvald kan mottake ei rimeleg godtgjering for arbeidet sitt.

 Utgifter til godtgjering og refusjon for faktiske utgifter skal gå fram av laget sitt budsjett og rekneskap.

 § 7 (Inhabilitet)

 For lagets tillitsvalde, oppnemnde tillitspersonar og tilsette, gjeld NIFs inhabilitetsreglar.

 § 8 (Straffesaker)

 For alle straffesaker gjeld NIFs lov kapittel 11 (NIFs Straffebestemmelser).

 § 9 (Årsmøte)

 Laget sitt øvste organ er Årsmøtet som skal haldast kvart år [7] innan utgangen av mars månad.

Årsmøtet vert innkalla av styret med minst 14 dg førevarsel,[8] direkte til medlemene eller ved kunngjering i pressa. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 1 veke før årsmøtet. Fullstendig sakliste må vere tilgjengeleg for medlemene seinast 5 dagar før årsmøtet.

 Alle lagsmedlemer har tilgong til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere tilstades.

 Årsmøtet er vedtaksført dersom det møter så mange representantar/medlemer som minst tilsvarar talet på valde styremedlemer. Dersom årsmøte ikkje er vedtaksført kan det innkallast til årsmøte på nytt utan krav om minmumsdeltaking. Ingen har meir enn ei røyst og avrøysting kan ikkje skje ved fullmakt.

 På årsmøtet kan ikkje takast opp forslag om lovendring som ikkje er oppført på saklista seinast 5 dagar føre årsmøtet. Andre saker kan takast opp og avgjerast når 2/3 av de frammøtte krev det. Slik avgjerd kan takast i samband med vedtak om godkjenning av sakliste[9].

 § 10 (Årsmøteleiing)

 Årsmøtet skal leiast av vald dirigent. Dirigenten treng ikkje vere medlem av laget.

 § 11 (Røysting på årsmøtet)

 Med mindre anna er bestemt skal eit vedtak, for å være gyldig, vere vedteke med vanleg fleirtal av dei avgjevne røystene.

 Val skal vere hemmeleg dersom det ligg føre meir enn eitt forslag eller om det vert fremma krav om det. Skal fleire veljast ved same avrøysting må røystesetelen innehalde det same talet på ulike kandidatar som det skal veljast ved vedkomande røysting. Setlar som er blanke, eller som inneheld ikkje føreslegne kandidatar, eller anna tal på kandidatar enn det som skal veljast, tel ikkje og røystene skal ikkje reknast med.

 Når eit val skjer enkeltvis og ein kandidat ikkje oppnår meir enn halvparten av røystene, skal det bunde omval til mellom dei to kandidatar som har oppnådd flest røyster. Er det ved omval likt røystetal skal valet avgjerast ved loddtrekking.

 Når det ved val skal veljast fleire ved ei avrøysting, må alle for å vere valde ha meir enn halvparten av røystene. Dette gjeld ikkje ved val av vararepresentantar. Dersom ikkje mange nok kandidatar har oppnådd dette i første omgang, er dei valde som har fått meir enn halvparten av røystene. Det skal så skje bunde omval mellom dei andre kandidatane, og etter denne avrøystinga er dei valde som har fått flest røyster. Er det ved omval likt røystetal, vert valet avgjort ved loddtrekking.

 § 12 (Årsmøtets oppgåver)

 Årsmøtet skal:[10]

 1. Handsame årsmeldinga.

2. Handsame rekneskap i revidert stand.[11]

3. Handsame innkomne forslag.

4. Fastsetje kontingent.

5. Vedtake budsjett.

6. Fastsetje organisasjonsplan for laget (jfr. § 15).

7. Velje:[12]

a) Leiar og nestleiar.

b) 5 styremedlemer og 3 varamedlemer [13]

c) Revisor[14]

d) Representantar til ting og møte i dei organisasjonar laget er tilslutta

e) Valkomité med leiar, 2 medlemer og 1 varamedlem

 Leiar og nestleiar skal velgjast kvart år. Resten av styret skal velgjast kvart 2. år. Varamedlemer for 1 år. Ved vala bør det veljast kandidatar/representantar frå båe kjønn. Samansetjinga bør stå i høve til kjønns-fordelinga i medlemsmassen, likevel slik at det bør vere minst to representantar frå kvart kjønn. Dette gjeld ikkje i råd og utval m.v. som er ihopsett av 3 eller færre medlemer. Ein bør søkje å få til ei god geo-grafisk fordeling av verva.

 § 13 (Ekstraordinære årsmøte)

 Ekstraordinære årsmøte skal haldast når styret eller overordna idrottsstyresmakt avgjer det, eller når minst ein tredjedel av dei røysteføre medlemene krev det.

Det skal innkallast på same måte som for ordinære årsmøte med minst 14 dagars varsel. Ekstraordinært årsmøte kan behandle og ta avgjerdsle i dei sakene som er kunngjort i innkallinga.

§ 14 (Styret)[15]

 Laget vert leidd av eit styre som er lagets høgaste styresmakt mellom årsmøta.[16]

 Styret skal:[17]

1. Iverksetje årsmøtevedtak og overordna idrottsstyresmaktvedtak og avgjerdsler.

2. Oppnemne etter behov komitear/utval/personar for spesielle oppgåver og utarbeide

instruks for desse.

3. Administrere og føre nødvendig kontroll med lagets økonomi i høve til dei for idrotten til ein kvar tid gjeldande instruksar og avgjerdsler.

4. Representere laget.

 Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det eller eit fleirtal av styremedlemene forlangar det. Styret er vedtaksført når eit fleirtal av styremedlemene er tilstades. Vedtak skal gjerast med fleirtal av røystene. Ved likt røystetal tel leiaren si røyst dobbelt. Representant for utøvarane kan gjevast møterett til styret.

 § 15 (Grupper/avdelingar)[18]

 Laget kan organisere seg med avdelingar og/eller grupper. Desse kan leiast av oppnemnde tillitspersonar eller av valde styre. Årsmøtet avgjer oppretting av avdelingar/grupper, og korleis disse skal organiserast og leiast.[19]

 For avdelingar/gruppers økonomiske forpliktingar hefter heile laget, og avdelingar/grupper kan ikkje inngå avtalar eller representere laget utan styregodkjenning.[20]

 § 16 (Lovendring)

 Denne lova kan endrast berre på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore oppført på saklista. Det vert kravd 2/3 fleirtal av røystene. Lovendringar må godkjennast av Idrottsstyret, og trer ikkje i kraft før dei er godkjent.

 § 17 (Oppløysing) (kan ikkje endrast)

Oppløysing av laget kan handsamast berre på ordinært årsmøte. Vert oppløysing vedteke med minst 2/3 fleirtal, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte 3 månadar seinare. For at oppløysing skal skje må vedtaket her takast oppatt med 2/3 fleirtal.

 Samanslutning med andre lag er ikkje å sjå på som oppløysing av laget. Vedtak om samanslutning og nødvendige lovendringar i tilknyting til dette skal gjerast i samsvar med vilkåra for lovendring, jfr, § 16.

 I tilfelle oppløysing eller annan avslutning av laget tilfell lagsmidlane NIF eller føremål godkjent av idrottskrinsstyret. Ved oppløysing skal lagsarkivet sendast til idrottskrinsen.

 

*************************************

 

Vedtekne i ekstraordinært årsmøte den 12. juni 2003.

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer