Bispevegmarsjen 2021

Publisert: 03.07.2021

Bispevegmarsjen 2021 Laurdag 7. august 2021 er det klart for årets finaste tur over heia frå Fyresdal til Valle. Turen er i underkant av 30 km og går i høgfjellsterreng over vidstrakte heiar i 1100-meters høgde. Ha med niste og drikke då det ikkje er matstasjon undervegs. Turen er fin for både barn og voksne, men yngste anbefalte alder er 10 år. Ein må vere i såpass fysisk form at ein klarar å gjennomføre turen innan kl 18.00. Enkelt matsal i mål. Start ved Nøs før Øysæ i Kleivgrend i Fyresdal og innkomst ved Valle kultursenter. Buss frå Valle skule kl 06:30. Buss frå kryss inn til Kleivgrend kl. 07:45. Start ved Nøs, Øysæ kl 08:30. Buss tilbake til Fyresdal (når alle er i mål). Startkontingent: Vaksne: 150,- Barn t.o.m. 16 år: 100,- Buss Valle-Øyse/Fyresdal (ein veg) Vaksne: 250,- Barn t.o.m. 16 år: 200,- Du kan betale på vipps #124604 i forkant, kontant eller med kort før du reiser på bussen. Viktig at du melder deg på slik at vi får bestilt buss! Påmelding til Valle turistkontor innan laurdag 2. august: E-post: sentralbord@valle.kommune.no Tlf: 379 37 500 Viktig at du oppgjev namn og telefonnummer på alle som skal gå. VELKOMEN TIL EIN VAKKER OG FLOTT TUR I GODT LAG. Arrangør: Fyresdal IL og Valle IL


Sprekleiken 2019

Publisert: 16.10.2019

Laurdag 2. november arrangeras årets sprekleik
 


 


Sprekleiken plakat 2019.pdf


 

 

Les mer
OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer